Nytt år, nytt mål


I dag fyller eg tjue år. To ukjende, fire hender, eit par desennium. Kva skal eg gjere med dét?

Til 17-årsdagen min hadde eg eit nyttårsforsett om å byte ut den skriftlege (meir eller mindre ugjennomtenkte) bokmålsstemma mi med nynorsk, men det var ikkje så lett, det. Heilt sidan eg på barneskulen fann ut at det gjekk an å bruke fritida si på The Sims-forum, har eg brukt bokmål og dialekt (som langt ifrå er som nynorsk for meg) i personlege ytringar, og nynorsk vart atterhalde til fagprega tekstar og skuleoppgåver. Men nå har eg hatt dårleg samvit i minst tre år, og det er på tide å gi omveltinga eit nytt forsøk. Det er litt som å byte dialekt. Det er ikkje umogleg, men det er rart og uvant. Dessutan er eg lei av å vere hyklarsk støttemedlem i Norsk Målungdom, for eg vil gjerne engasjere meg der. (Ei natt drøymde eg at eg var på mi første målungdomssamling, og der var det nokon som oppdaga twitterprofilen min. I frykt for å bli avslørt og utstøytt som bokmålbrukar måtte eg stikke og gøyme meg.)

Det er ikkje til å komme unna at sjølv om eg føler meg nokså stødig i nynorsk, så ligg det meg meir naturleg å skrive bokmål, men med litt tilvenning går det seg nok til. Eg vil rett og slett bli ein nynorskbrukar. Med dette sagt kjem nokre avsluttande, Arne Næss-siterte ord for dette innleiiande innlegget: Det er aldri skam å snu.

2 kommentarer:

  1. Det føles ikkje lika personlig å skriva ein setning med "jeg" i stedet for "eg". Som nok e møkje av grunnen til at velge dialekt framfor bokmål i dagligskrift. Så skulle eg ønska at eg kunne skreve nynorsk uten å synast at mottakeren sannsynligvis lure på koffer eg skrive nynorsk (sjøl om mottakaren sannsynligvis ikkje tenke over det). For tida skrive eg primært nynorsk i søknadar, og når eg bare spontant har lyst til det. (Har ein fin Facebook-gruppestatus et sted der hovedteksten e nynorsk, første kommentaren bokmål og andre kommentaren dialekt).
    Hei, Norge. Tving meg til å skriva nynorsk litt oftare.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, akkurat! Tving oss til å skriva nynorsk. (No tvingar eg meg sjølv til å skriva på nynorsk sjølv om eg nesten alltid skriv dialekt med deg, noko eg for så vidt vil halda fram med.) Det var akkurat slik med meg, det der med søknader og spontan lyst. Eller når eg skreiv meir eller mindre formelt til framande. Då kunne det gjerne vera nynorsk utan at eg måtte «begrunna» det, men elles var det eit tiltak. Somme ting må eg prøva meg ut med, t.d. kva for ei infinitivsending eg skal bruka.

      Slett