Jada

Dette har skjedd: Det har blitt framtida. Det har blitt fortida Å herlighet – poeng

(Nye ord: litotisk kyklopisk luguber abominabel eit på m malise)

I alle fall, det går jo berre éin veg, og det er ikkje tilbake, sjølv om det alltid verkar slik; det går –––––––––––––>, og berre –––––>, og av og til ---> eller —>, men alltid >, og dét er poenget. Det er poenget for alle som ventar, for alle som angrar, for alle som håper, for alle som saknar.

Men i alle fall da, uansett: Alle sirklar er linjer som er bøygd til noko evig, og alle evigheiter kan brettast ut til éi lang linje som stoppar ein eller annan stad, i alle fall om ein er egosentrisk nok.

Og uansett da, så er i alle fall verda flat nok til at det går an stå på henne utan å falle utfor, og om ein er så uheldig, så hamnar ein berre i eit vakuum av linjer som går éin veg, sant? Ikkje sant? Sant?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar