Ei natt





Illevarslande stille ute inn gjennom soveromsvindauget mitt. Som om bilane har stoppa opp for å sjå kva det er som skal til å skje. Ingen døgnville fuglar som gir lyd til vårnatta. Det einaste eg kan høyre er stutte skrik frå ein røykvarslar. Det er snart sommar. Våren er i ferd med å brenne opp.

Så rasar verda saman over meg. Eg kan berre vente på at innsida mi skal vrenge seg ut av kroppen min; opp halsen, forbi hjartet og ut, ut, ut og vekk. Hovudet mitt verker, heile meg dunkar, det er som å bli dabba mot ein vegg med heile kroppen, som om eg er ein ball utan sprett som nokon prøver å slenge spenst inn i. Men svimling kjem til unnsetning og eg fell mot puta. Hovudet mitt er tett og knyter seg saman når eg prøver å puste. Det er så vondt at eg lurer på om det kan sprenge om eg berre ekshalerer litt hardare. Men eg gjer ikkje det, eg opnar munnen, letta over at andinga der er roleg og balansert.

Neste dag køyrer bilane igjen. Veka etter syklar eg forbi ein gauk og drar lukta av sommar så djupt inn i kroppen min som eg klarer. Hos legen må eg svare ja på enda eit spørsmål, men det er ikkje verdas undergang.

Det er berre å grave seg fram igjen frå under verda.

2 kommentarer:

  1. Eg er lei for at det svir, eg skulle så inderleg ønske at det slutta å svi. Takk for at du er venen min, eg er din. Flammen blir ikkje større om du blæs han ut av og til, eg er ein flammeslukar, ein slangetemmar, det er du også, men eg er her. Kosar og klemmar.

    SvarSlett