blogg

eg går ikkje på rommet mitt lenger
eg held meg der ute i lag med dei andre
seier berre det som går an å sei høgt
med det er godt òg
å komma inn att til seg sjølv
der alt er som før
kviskra ut i rommet
skrika viss eg vil
ikkje tenka på kva
berre seia
sukka
pusta
orda ut
rømma frå rommet igjen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar