med ein gong du må løyse éi ekstra oppgåve går det litt ekstra tid

du betrar eksplosivitet
så hoppar du og set eit merke. hoppar du og set eit merke. hoppar du og set eit merke.
nokon er uthaldande
eg har ein sånn plansje
utruleg treige, men dei kan jobbe
uendeleg lenge
men du har ikkje evna til å
ta deg inn igjen
ta ny spurt
det er der det manglar

akkurat det same 
som står på side førtifem – nei, førtifem seier eg – det står på side hundre og tjuefem
psykisk og fysisk utkvilt
du skal kunne yte maks
når eg henviser til sidetal er det ut ifrå mi bok
me får heller operere med tema.

det er fort gjort å få ein rotasjon framover.
elles hoppar du sånn, og til slutt stupar du nesten over det siste.
og så er du veldig konsentrert i kva du skal gjere
tar i alt du kan
maksimal intensitet
det er viktig.
når du merkar at du er sliten og ikkje klarer å ta i alt du kan lenger
skal du slutte.
og kva er lange pausar

det er mykje tid som du kunne brukt til andre ting
og du veit at du ikkje får så mykje igjen for det
men det er viktig
det er viktig for dei som vil prestere veldig godt

eg seier ikkje at dette ikkje påverkar deg – det påverkar deg absolutt
men det kostar ganske mykje

eksentrisk 
kva er det?
ek-sentrisk
kva er konsentrisk?
kon-sentrisk betyr å trekke seg saman.
viss du for eksempel
hoppar ned ifrå ein stol
så bremmmsar du

altså kroppsvekta di
omtrent

innta horisontal – då legg du deg ned og slappar av.


II
ja, men då går me vidare
evna til å skape akselerasjon
alle har vel køyrt bil nå?
bilen skal stoppe fortast mogleg
du går gjennom ulike fasar
kva er stopplengde
det er lenge sidan eg tok lappen då men
er det ikkje noko sånn?
reaksjonstida
her kan de sjå kor viktig farten er.
alt dette er stopplengda.
han veit ikkje heilt kva signal han skal reagere på.
du må gjerne reagere lynraskt.
sånn atte –
det er veldig komplekst.
du må reagere med rett svar
reaksjonen er tida før – det er tenketida, kan du seie,
det er den tida det tek å tolke eit signal.
du kan bremse, svinga unna, kjøre rett over.

veldig mykje tolking
det er ein del av det å vere hurtig
det er å løyse situasjonane fort.

den tida der varierer.
det er andre ting enn det å berre reagere fort.
evna til å halde høg fart etter at du har begynt å bli sliten
ikkje sant – etter at du har begynt å bli sliten.

altså
kor lenge klarer du å halde toppfarten din
der ser du moglegheita til å halde toppfarten lenge
eg synest det burde vere med som eit tilskot 
toppfarten lengst mogleg

kvifor har du bruk for hurtigheit?
det er det første dei ser på.
du har ikkje kjangs.

antal steg gongar steglengd
dei første ti metrane er utruleg viktige
det er nokon som tar altfor lange steg

er ikkje du keeper, du?
kva er det som får deg til å reagere
det er desse faktorane her
det er det som er stimuli
det er det du skal reagere på
då må du finne situasjonar som liknar
klart at signalet er pang
du veit nøyaktig kva du skal gjere

kva er viktig for å bli hurtigast mogleg?
jo, motivasjon
ha god konsentrasjon på det du skal gjere
kor mange steg klarer du å ta?

alle kan bli raskare, men …
det er begrensa kor raske me kan bli.

1 kommentar: