Men snart vår

dessutan svik, svik, svik med raud skrift oppå kulepennen. ei natt som eg ikkje kan setje dei fyndige orda på kjem utan invitasjon, skulle ha låst, skulle hatt eigen nøkkel. overførte luftbobler frå cd-spelaren, eit forsøk på misvisande ord om tryggleik. maling under fingerneglene. 04.24. forbanna liv. forbaska liv. fordømte liv. sinnssjukt uleseleg, ikkje blank, men så tilrabla at ingenting tyder noko. tolmod, tolmod, tolmod, ord om tolmod er til dømes truskuldigheit, gløymsle, resignasjon. kulepennstrekar, kulepennprikkar, kulepennarr på Internett. tikktakktikktakk, velkommen til oppstandet. Broen er sprengt Broen er sprengt. søppel her og søppel der. kvifor i alle dagar med sinte bokstavar skal det snø no som vinteren har smelta. fleire sinte bokstavar, sinte ord. eg går ut ifrå at ingen les dette, så her kjem ein løyndom, kommentaren min er ingen kommentar, okei, hold fast i krokane, her, kva for ei forstyrra pine er dette for noko? men det er så lenge sidan, ikkje ferdig med setninga enno, snufs, fordi det gjekk så bra. lampeskjermen held vakt over lyspæra no. kamel, lemur og minst éin død kaktus i vindaugskarmen mellom meg og den snøen. nesten tre år sidan påske. kva var det eg sa om luftbobler, for dei er jammen ikkje berre til hjelp heller, eller kva ein skal kalle det. laaaurdaaag, søøøndaaag. kor langt kjem eg for ein rull med frimerke? gå og vask oppfatningsevna di. dei hånlege julenissane som sit i kaktuspotta og tenker eller noko tilsvarande, å hugse at Isklar-flaska blir ståande på badet, radioklistremerke, Scutosaurus, og alt er distraksjonar. åååå, infinitivsarr. repetisjon alternativ a spikrar det inn i deg, alternativ b gjer at det mister meininga si. eit sjansespel som ikkje var verdt å ta, men eg reiv til meg risikoen. dette er eit ordball, ut på golvet no. skrupuløs rekonvalesens, bornert pertentlegheit, ufråvikeleg truisme, inkoativ endevikt, absolvert renessanse, propedeutisk miskunn. propedeutisk renessanse, absolvert rekonvalesens, bornert endevikt, ufråvikeleg miskunn, skrupuløs truisme, inkoativ pertentlegheit. skrupuløs truisme, ufråvikeleg renessanse, bornert miskunn. skrupuløs rekonvalesens, propedeutisk renessanse. ufråvikeleg truisme. skrupuløs truisme. dommarane hadde lagt seg. Ett fel har oppstått En viktig åtgärd avvaktar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar