uansett spor, spor, spor, ord om spor er til dømes sporenstreks, sport, sporadisk, sporv. på skrivebordet ei stikkande lampe med skarpt, glovarmt lys, for eg har tatt ned lampeskjermen. kvar går det ikkje tog? alle gjekk. vent bak den gule neglelakklinja medan røykvarslaren pip jamnare og jamnare, ikkje gjer det dersom nokon ser deg. kva tenker dei då? slutt å pipe! kvifor vender eg meg til deg, kvifor skal det alltid vere ei gul linje og togspor mellom oss, kor gammal var eg, og kva vil det seie når ein er åtte, er du redd? det var ikkje seriøst likevel. kanskje alvorleg. kjem til å halde fram med å nemne så mykje at ingenting kjem fram. kor var eg med dei spora? den eine vegen eller den andre, inga skam å snu, berre skam å stå i ro, og det er det eg gjer nå, ikkje sant, har stått på dette punktet før, og det er slik eg liksom held ut. berre nokre ord frå ein 2012-song og det er nesten så eg kan kjenne at eg har på meg brun kordfløyel, det var bra slik, færre tunellar, færre avsporingar, det var jo det, var det, kven veit. fortid, fortid, fortid, ord om fortid er til dømes framtid og uklare mål. eg lèt skuffa stå open, ho er rotete, men solid nok til at det ikkje er særleg synleg, eller er det eg som ser vekk. punktuma får ikkje sleppe til slik dei plar, må vente i kø, deira kø er lengre. lampeskjermen opp, røykvarslaren ned, over til den gule stripa. veit du kvifor det luktar neglelakk her? det er fordi eg ikkje har klipt neglene mine, eg utset det, ikkje fordi eg skal bruke dei til noko, til dømes å klype meg sjølv laus frå marerittet, eg ventar på at det skal kjennast rett å halde seg sjølv ved like. ein tom vasskopp dekorert av eit barnehagebarn, inntørka penslar. minst fem blyantar i begeret ved sida av, og det var endå ein før eg fjerna han for å skrive på restar av avrivne papirbitar langs skinene one way og or another. langs skinene, nokre stjerner her og der, ugly art. eg hugsar neglelakkeringa i Paris. det er fem år sidan Paris, eg skulle straks tilbake. rykk fram i køen. er du sur på meg, er dei sure på meg, kvifor er dei sure på meg? ingen er sure på meg. nokon er sure på meg. kvifor er dei sure på meg? inga skam å snu, berre skam å vere sur. det er eg som er den sure. somme brukar sitronskal til pynt. og i oppskrifta var det limeskal oppå kaka. to matskeier sitronsaft. ein halv skvisa lime. kor skal resten? han pip enno, enda eg tok han ned. super heavy duty, mercury free. eg slutta å bruke neglelakk. kvar gong ei spør om eg vil ha på neglelakk, må eg svare på dette: er du like uskuldig som du var da du var eit uvitande barn?, og eg rekk ikkje å finne ut av det før eg har fornærma nokon på eit vis, flink til det. ein oransje blazer kunne eg forresten få bruk for. på Wermland er spor seks, sju og halve spor fem forsvunne med limsida av ein teip. livet er å bruke den vesle silkepungen frå Egypt eller Kina, det er å ta telefonen, forlenge alle lån, rydde på plass malinga når du ikkje skal male meir i kveld, det er meir òg, som å grine på bussen, av og til på alle bussane, det er å spørje hei, er det deg?, og uanstrengt halde samtalen gåande heilt til busstoppet kor du skal av, sende inn kryssordløysinga idet du kjem på at neste gong du kjem på det, kan det vere for seint. heksagonglaset med oransje vatn står her enno. mørkeblå jeans varar ved. er det nokon andre som skal feste jojotråden min kanskje? jojo, jojo, jojo, ord om jojo er gravity, the throw down, around the world. ti til tjue centimeter unna meg ligg ei minnebrikke med bilete på, og på somme av bileta, og på denne harddisken når eg tenker meg om, har eg fotografert dei små utstikkande papirbitane som framleis er ein del av boka etter at eg klipte ut fleire sider. Demokrati India 20140320, I Thought I Saw Your Face Today, C + g C Am G, songtekst, ord på engelsk om love, sitat som resultat av SFO-aktivitet på Høgskolen i Vestfold, ein tekst som tek til med Ingen kjærlighetsbrev, og den eine songteksten der har eg jo leita etter. sjekke, kjenne, sjekke, sjekke, ikkje kjenne, kjenne, kjenne, kjenne. ord om kjenne er til dømes vedkjenne, særkjenne, tilkjennegi. eg kjem tilbake til spora.
eg forstår ikkje så mykje, det gjer eg aldri, men eg likar orda dine og måten du skriv på og setnadane og alt saman, det er fint og underleg på ein god måte. eg håpar du får ein fin dag/natt. du er bra.
SvarSlettåh takk!! made my day/night.
Slett